Idéen til SFR AS har vakse fram etter eit langt liv på og langs Sognefjorden. Fjorden har gitt opplevingar, kunnskap og minne som har følgt meg gjennom livet. Samstundes har eg sett endringar som gjer at mange av minna står i sterk kontrast til observasjonane mange gjer i dag.
Dette vart drivkrafta bak SFR AS: eit ønskje om å bidra til ein levande og produktiv fjord gjennom kunnskapsbasert og praktisk restaureringsarbeid.
Bakgrunn og visjon
Â

Kvifor eit ideelt aksjeselskap?
Â
SFR AS er etablert som eit ideelt aksjeselskap fordi målet ikkje er utbytte til eigarar, men å skape varige verdiar. Verdiane skal i størst mogleg grad førast tilbake til utvikling av kunnskap, samarbeid og samfunnsnyttige tiltak.
Kjell Ørjan fekk tidleg smaken på både vannmelon og fiske saman med pappa. Foto: Privat
Kven står bak?
Â
SFR AS er etablert av Jan Thore Fedje. Erfaringar frå Leikanger Jakt- og Fiskelag, arbeid med barn og unge i NJFF og eit livslangt engasjement for natur og fjord har vore viktige inspirasjonskjelder.
SFR byggjer på ei overtyding om at lokalkunnskap, forsking og praktisk handling må gå hand i hand.
Fakta om Sogn Fjord Restaurering AS
-
Ideelt aksjeselskap
-
Organisasjonsnummer:Â 937 748 531
-
E-post: info@sognfjordrestaurering.no
-
Telefon: +47 957 58 389


Jan Thore Fedje med aure (Salmo trutta). Den same arten knyter saman fjellvatn, elvar, fjordar og kyst.
Foto: Privat.
Ein levande fjord som også framtidige generasjonar kan hauste verdiar frå og oppleve glede ved.
VÃ…R VISJON

Leon (snart 12) er spent på om lyren bit. Det er for slike framtidige generasjonar vi arbeider for ein levande fjord.
Vår tilnærming
Erfaringane frå Leikanger Jakt- og Fiskelag og arbeidet med barn og unge i NJFF har lært meg at varige resultat kjem når engasjerte vaksne, forskingsbasert kunnskap og nysgjerrige born dreg i same retning. Det er denne tankegangen som ligg til grunn for SFR si satsing på kunnskap, deltaking og praktisk restaureringsarbeid.
Vegen vidare
01
Samarbeid for fjorden
Restaurering av Sognefjorden krev samarbeid mellom lokalsamfunn, næringsliv, forskingsmiljø og offentleg forvaltning. SFR ønskjer å samle kunnskap, erfaring og ressursar rundt felles mål.
02
Ein møteplass
SFR AS ønskjer å vere ein møteplass for idear, kunnskap og konkrete tiltak. Gjennom dialog og samarbeid kan vi utvikle løysingar som styrkjer fjorden for framtidige generasjonar.
03
Kunnskap og erfaring
Lokalkunnskap, forsking, praktisk erfaring og engasjement frå nye generasjonar må spele saman for å skape gode løysingar for fjorden.
04
Frå ord til handling
Målet er å utvikle og gjennomføre konkrete tiltak som styrkjer livet i fjorden og byggjer ny kunnskap undervegs.
For ein levande fjord.
For framtidige generasjonar.
Sognefjorden er ein av våre viktigaste naturressursar. Gjennom samarbeid, kunnskapsutvikling og praktiske restaureringstiltak ønskjer SFR å bidra til ein meir livskraftig fjord. Målet er å styrkje økosystema, byggje ny kunnskap og skape varige verdiar for lokalsamfunn og framtidige generasjonar.