Sognefjordmodellen - eit einkelt prinsipp
Naturen skaper verdiar. Sognefjordmodellen handlar om å investere ein liten del av desse verdiane tilbake i naturen.
Sognefjordmodellen byggjer på ein enkel tanke: Litt av verdiane som blir skapte rundt fjorden, kan investerast tilbake i naturen som gjer verdiskapinga mogleg.

Hanahaug - eit knutepunkt for samferdsle og eit betydeleg utviklingspotensiale for den mektige Sognefjorden. Foto: Privat
Kvifor Sognefjordmodellen?
Sognefjorden har gjennom generasjonar skapt store verdiar for samfunnet. Sognefjordmodellen byggjer på tanken om at ein liten del av desse verdiane kan investerast tilbake i naturen som skaper dei.
Målet er å etablere eit langsiktig finansieringsgrunnlag for kunnskap, overvaking og restaurering av fjordens økosystem.

Vasskraft skapar store og varige samfunnsverdiar, og kan, ved å setje av ei krone per tusen i eit fjordfond, bidra til ytterlegare produksjon òg meir liv i fjorden. Foto: Privat
Føre-var framfor reparasjon
Erfaringar frå andre fjordområde viser kor krevjande og kostbart det kan bli når utfordringar får utvikle seg over lang tid.
Sognefjordmodellen byggjer på føre-var-prinsippet. Målet er å styrkje kunnskapen om fjorden og gjennomføre tiltak før utfordringane blir større.
Det er enklare, billegare og klokare å ta vare på ein levande fjord enn å redde ein som er i ferd med å døy.

Frå Hella med utsikt mot vakre Balestrand . Foto: Privat
Lokal medverknad
Sognefjordmodellen byggjer på lokal deltaking og lokalt eigarskap.
Kommunar, kraftprodusentar, næringsliv, frivillige organisasjonar og kunnskapsmiljø må saman utvikle og prioritere tiltaka.
​
Ei viktig målsetting er å involvere barn og unge gjennom både praktiske aktivitetar og opplæring.
Kunnskap om fjorden skaper eigarskap til fjorden.
​
Når komande generasjonar får delta i arbeidet med å forstå, overvake og ta vare på naturen, kan det òg skape større engasjement hjå familiar, vener og lokalsamfunn.
Målet er at løysingane skal vekse fram frå regionen sjølv, med fjorden som felles prosjekt.
Born og unge er ei viktig investering i framtida. Dei bidreg til å byggje eigarskap, engasjement og kunnskap på tvers av generasjonar, og er med på å sikre at arbeidet for fjorden varer over tid.

Frå Veganeset retning Fjærlandsfjorden. Foto Privat
Fjordfondet
Fjordfondet er sjølve fundamentet i Sognefjordmodellen.
​
Fondet skal byggjast opp gjennom bidrag knytt til verdiskapinga frå regional kraftproduksjon.
​
Målet er å skape eit varig finansieringsgrunnlag for kunnskap, overvaking og restaurering av fjordens økosystem.
​
Eit slikt fond kan gi regionen større handlefridom og redusere behovet for stadig å søkje om nye løyvingar.
​
Målet er å skape varige verdiar for både fjorden og lokalsamfunna rundt han.