
Om SFR
Sogn Fjord Restaurering AS (SFR) arbeider for å styrkje kunnskapen om utviklinga i Sognefjorden og bidra til restaurering av fjordens økosystem. Gjennom samarbeid mellom innbyggjarar, skular, næringsliv og fagmiljø ønskjer vi å utvikle praktiske tiltak som kan gje ein friskare og meir produktiv fjord.
Fatla i Haust-sol er ein spanande fiskeplass. Foto:Privat
Kvifor vart SFR etablert?
Ein levande Sognefjord for framtidige generasjonar

Leon med lange frå Sognefjorden. Målet er at framtidige generasjonar skal få oppleve det same som generasjonane før dei. Foto: Privat
Gjennom fleire tiår har mange innbyggjarar langs Sognefjorden observert endringar i livet i fjorden. Erfaringar frå fiske, friluftsliv og lokal kunnskap peikar i retning av at delar av økosystemet ikkje fungerer slik dei gjorde tidlegare.
Sogn Fjord Restaurering AS inviterer til praktisk samarbeid for å omsetje desse observasjonane til handling.
Frå observasjon til handling

Sognefjordmodellen
Mange innbyggjarar og brukarar av Sognefjorden observerer dei same endringane, men observasjonar åleine skaper ikkje endring. Skal utviklinga snu, må kunnskap, engasjement og ressursar samlast i konkrete tiltak.
Sognefjordmodellen byggjer på samarbeid mellom lokalsamfunn, næringsliv, skular, frivillige og fagmiljø.
Modellen byggjer på tanken om at ein liten del av verdiane som vert skapte i regionen kan investerast tilbake i fjorden gjennom kunnskapsutvikling, opplæring, forsking og praktiske restaureringstiltak.
Målet er å styrkje naturgrunnlaget, bidra til læring og skape framtidstru. Gjennom Sognefjordmodellen ønskjer SFR å omsetje observasjonar og kunnskap til konkret handling.
Fatla i haustsol. Foto: Privat